Putsj på Roskilde

For mange er sommar assosiert med festival. I år feirar Roskilde festivalen 40 år, og vi i Putsj er på plass for å dekke både steminig, musikk og miljøfokus.

Laurdag ettermiddag opna campområdet på Roskilde Festival, og som så mange år før var det ein riktig kamp om tilvêret før vi kunne slå opp teltet vårt. Alt dette etter ei noko strabasiøs reise mot destinasjonen. I år, som i fjor, gjekk vi oss litt vill – eller rettare sagt; taxien kjørte oss til feil plass, slik at vi måtte gå rundt heile festivalområdet for å få armbanda våre. Og ikkje berre det, vi fann raskt ut kvifor teltet vårt var så lett: teltstengene ligg att i Oslo.

Til tross for dette, har det har vore nokre artige oppvarmingsdagar med mellom anna Kråkesølv som spelte opp til liv måndag kveld. Elles har vi vandra rundt på festivalen, og gjort oss kjent med dei ulike områda. Mange glade fotballfans har fått mogelegheit til å følgje VM på storskjerm, skateentusiastar har fått freista seg på konkurransar og i klimacampen kan ein produsere straum til sin eigen mobil. Alt i alt er det eit mangfaldig program allreie før sjølve festivalen opnar i morgon. Vi gler oss mykje til å møte bergensarane i Jon Olav Nilsen og Gjengen, og støyrockarane i Serena Maneesh. Elles kan vi love kontinuerlege konsertmeldingar og artige oppdateringar frå livet på festival.

Følg med vidare!

Vist 225 ganger. Følges av 1 person.
Annonse